7 Dei fattige har de alltid hos dykk, og dei kan de gjera vel imot når de vil, men meg har de ikkje alltid.
8 Ho gjorde det ho kunne. Ho har på førehand salva kroppen min til gravferda.
9 Sanneleg, eg seier dykk: Overalt i verda der evangeliet blir forkynt, skal det ho gjorde, bli fortalt til minne om henne.»
10 Judas Iskariot, ein av dei tolv, gjekk til overprestane og baud seg til å gje Jesus over til dei.
11 Då dei høyrde det, vart dei glade og lova å gje han pengar. Og sidan leita han etter eit lagleg høve til å svika Jesus.
12 Den første dagen i høgtida med usyra brød, den dagen dei slakta påskelammet, sa læresveinane til Jesus: «Kvar vil du vi skal gå og stella i stand så du kan halda påskemåltid?»
13 Då sende han to av læresveinane sine i veg og sa til dei: «Gå inn i byen! Der kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja,