1 Med det same morgonen rann, og overprestane med dei eldste og dei skriftlærde, altså heile Rådet, hadde samrådd seg, tok dei si avgjerd. Dei batt Jesus, førte han bort og gav han over til Pilatus.
2 Pilatus spurde han: «Er du kongen over jødane?» «Du seier det», svara Jesus.
3 Overprestane kom no med mange skuldingar mot han.
4 Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei skuldar deg for.»
5 Men Jesus svara ikkje eitt ord, og Pilatus undra seg.
6 Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den folket bad om.
7 Ein som vart kalla Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar som hadde drepe ein mann medan opprøret stod på.