14 «Kva vondt har han så gjort?» spurde Pilatus. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»
15 Pilatus ville gjerne gjera folkemengda til lags. Han gav dei Barabbas fri, men lét Jesus bli piska og gav han så over til krossfesting.
16 Soldatane førte no Jesus inn i borggarden i det som blir kalla pretoriet, og samla heile vaktstyrken.
17 Dei kledde han i ei purpurkappe og fletta ei tornekrone og sette på hovudet hans.
18 Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du konge over jødane!»
19 Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han.
20 Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede.Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han.