18 Så tok dei til å ropa: «Ver helsa, du konge over jødane!»
19 Dei slo han i hovudet med ein stokk, spytta på han og la seg på kne og hylla han.
20 Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede.Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han.
21 Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene.
22 Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden.
23 Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det.
24 Så krossfeste dei han. Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd om kva plagg kvar av dei skulle ha.