20 Då dei hadde hånt han, tok dei av han purpurkappa og lét han få att sine eigne klede.Så førte dei Jesus ut for å krossfesta han.
21 Og dei tvinga ein mann som gjekk forbi, til å bera krossen hans; det var Simon frå Kyréne, far til Aleksander og Rufus, han var på veg inn frå markene.
22 Dei førte Jesus til den staden som heiter Golgata – det tyder Hovudskallestaden.
23 Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det.
24 Så krossfeste dei han. Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd om kva plagg kvar av dei skulle ha.
25 Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han.
26 Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane».