23 Der baud dei han vin med myrra i, men han ville ikkje ha det.
24 Så krossfeste dei han. Kleda hans delte dei mellom seg ved å kasta lodd om kva plagg kvar av dei skulle ha.
25 Det var omkring den tredje timen dei krossfeste han.
26 Og innskrifta med skuldinga mot han lydde: «Kongen over jødane».
27 Saman med Jesus krossfeste dei to røvarar, ein på høgre og ein på venstre sida hans.
28 {{Såleis vart det oppfylt, det skriftordet som seier: Og han vart rekna blant lovbrytarar.}}
29 Dei som gjekk forbi, spotta han, riste på hovudet og sa: «Sjå no, du som riv ned tempelet og byggjer det opp att på tre dagar!