30 Frels deg sjølv og stig ned frå krossen!»
31 Like eins hånte overprestane og dei skriftlærde han og sa seg imellom: «Andre har han frelst, men seg sjølv kan han ikkje frelsa!
32 Lat no Messias, Israels konge, stiga ned frå krossen, så vi kan sjå og tru!» Dei som var krossfeste saman med Jesus, spotta han, dei òg.
33 Då den sjette timen kom, vart det mørkt i heile landet, og mørkret varte til den niande timen.
34 Ved den niande timen ropa Jesus med høg røyst:«Eloï, Eloï, lemá sabaktáni?»Det tyder: «Min Gud, min Gud, kvifor har du forlate meg?»
35 Nokre av dei som stod der, høyrde det og sa: «Høyr, han ropar på Elia.»
36 Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Vent», sa han, «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.»