36 Då sprang det ein fram og fylte ein svamp med vineddik, sette han på ei stong og ville la Jesus få drikka. «Vent», sa han, «lat oss sjå om Elia kjem og tek han ned.»
37 Men Jesus ropa høgt og anda ut.
38 Då rivna forhenget i tempelet i to, ovanfrå og heilt ned.
39 Og då offiseren som stod midt framfor Jesus, såg korleis han anda ut, sa han: «Denne mannen var verkeleg Guds Son!»
40 Det var òg nokre kvinner der som stod langt unna og såg på. Mellom dei var Maria Magdalena, Salome og Maria, mor til Jakob den yngre og Joses.
41 Dei hadde følgt Jesus og tent han då han var i Galilea. Det stod òg mange andre kvinner der, som hadde vore med han opp til Jerusalem.
42 Det var førebuingsdagen, som er dagen før sabbaten, og det leid alt mot kveld.