4 Då spurde Pilatus han på nytt: «Svarar du ikkje? Høyr alt det dei skuldar deg for.»
5 Men Jesus svara ikkje eitt ord, og Pilatus undra seg.
6 Kvar høgtid gav Pilatus dei ein fange fri, den folket bad om.
7 Ein som vart kalla Barabbas, sat fengsla saman med nokre andre opprørarar som hadde drepe ein mann medan opprøret stod på.
8 Folket møtte fram og tok til å be Pilatus gjera som han hadde for vane.
9 Han svara: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?»
10 For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han.