44 Pilatus undra seg over at Jesus alt var død. Han kalla til seg offiseren og spurde om han hadde vore død lenge.
45 Då han fekk dette stadfest av offiseren, lét Pilatus Josef få liket.
46 Josef kjøpte eit linklede, tok Jesus ned og sveipte han i det. Han la han i ei grav som var hoggen ut i bergveggen, og rulla ein stein framfor gravopninga.
47 Maria Magdalena og Maria, mor til Joses, såg kvar han vart lagd.