9 Han svara: «Vil de at eg skal gje dykk jødekongen fri?»
10 For han skjøna at det var av misunning overprestane hadde gjeve Jesus over til han.
11 Men overprestane eggja opp folket til å be om at han heller skulle gje dei Barabbas fri.
12 Då tok Pilatus til orde att og sa: «Kva vil de då at eg skal gjera med han som de kallar kongen over jødane?»
13 «Krossfest han!» skreik dei tilbake.
14 «Kva vondt har han så gjort?» spurde Pilatus. Men dei skreik berre endå høgare: «Krossfest han!»
15 Pilatus ville gjerne gjera folkemengda til lags. Han gav dei Barabbas fri, men lét Jesus bli piska og gav han så over til krossfesting.