2 Tidleg om morgonen første dagen i veka kom dei til grava med det same sola rann.
3 Dei sa seg imellom: «Kven skal vi få til å rulla steinen frå gravopninga?»
4 Men då dei såg opp, fekk dei sjå at steinen var rulla til sides. Han var svært stor.
5 Då dei kom inn i grava, såg dei ein ung mann som sat på høgre sida, kledd i ein lang, kvit kjortel. Dei vart gripne av otte og undring,
6 men han sa til dei: «Ver ikkje redde! De leitar etter Jesus frå Nasaret, den krossfeste. Han er stått opp, han er ikkje her. Sjå her er staden der dei la han!
7 Men gå av stad og sei til læresveinane hans og til Peter: ‘Han går føre dykk til Galilea. Der skal de få sjå han, slik han har sagt dykk.’»
8 Då gjekk dei ut att og rømde frå grava, skjelvande og frå seg av redsle. Og dei sa ikkje eit ord til nokon, for dei var redde.