9 {{Då Jesus hadde stått opp att, tidleg den første dagen i veka, synte han seg først for Maria Magdalena, som han hadde drive sju vonde ånder ut av.
10 Ho gjekk av stad og fortalde det til dei som hadde vore med han, og som no sørgde og gret.
11 Men då dei fekk høyra at han levde, og at ho hadde sett han, trudde dei det ikkje.
12 Sidan synte han seg i ein annan skapnad for to av dei medan dei var på veg ut på landet.
13 Dei òg kom og sa det til dei andre, men dei vart heller ikkje trudde.
14 Til sist synte han seg for dei elleve medan dei var til bords. Han refsa dei fordi dei var så vantru og hardhjarta, og fordi dei ikkje trudde på dei som hadde sett at han var stått opp.
15 Han sa til dei: «Gå ut i all verda og forkynn evangeliet for alt som Gud har skapt!