10 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no talar han til den lamme –
11 «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»
12 Då reiste mannen seg, tok straks båra si og gjekk ut framfor dei alle, så dei vart reint frå seg av undring. Dei lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»
13 Jesus gjekk ut langsmed sjøen att. Der kom det mykje folk til han, og han underviste dei.
14 Då han gjekk vidare, fekk han sjå Levi, son til Alfeus, som sat på tollbua. Jesus sa til han: «Følg meg!» Då reiste han seg og følgde han.
15 Sidan var Jesus gjest i huset hans, og mange tollarar og syndarar var til bords saman med Jesus og læresveinane hans, for det var mange som følgde han.
16 Då dei skriftlærde mellom farisearane såg at han åt saman med syndarar og tollarar, sa dei til læresveinane: «Et han saman med tollarar og syndarar?»