23 Ein gong Jesus gjekk langsmed kornåkrane på sabbaten, tok læresveinane hans til å riva av aks medan dei gjekk.
24 Då sa farisearane til han: «Sjå, kvifor gjer dei slikt som ingen har lov til på sabbaten?»
25 Han svara: «Har de aldri lese kva David gjorde då han var i naud og både han og mennene hans svalt?
26 Han gjekk inn i Guds hus den tid Abjatar var øvsteprest, og åt skodebrøda, dei som berre prestane har lov til å eta. Han gav òg til dei som var med han.»
27 Og Jesus sa til dei: «Sabbaten vart til for mennesket og ikkje mennesket for sabbaten.
28 Difor er Menneskesonen herre over sabbaten òg.»