3 Då kom dei til han med ein som var lam. Det var fire mann som bar han.
4 Men sidan dei ikkje kunne koma fram til han for alt folket, braut dei opp taket over den staden der Jesus var, laga ei opning og firte ned båra som den lamme låg på.
5 Då Jesus såg trua deira, sa han til den lamme: «Son, syndene dine er tilgjevne.»
6 No sat det nokre skriftlærde der. Dei tenkte i hjartet:
7 «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn éin – det er Gud?»
8 Straks visste Jesus i ånda at dei tenkte slik, og han sa til dei: «Kvifor går de med slike tankar i hjartet?
9 Kva er lettast å seia til den lamme: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp, ta båra di og gå’?