6 No sat det nokre skriftlærde der. Dei tenkte i hjartet:
7 «Korleis kan han seia noko slikt? Han spottar Gud! Kven andre kan tilgje synder enn éin – det er Gud?»
8 Straks visste Jesus i ånda at dei tenkte slik, og han sa til dei: «Kvifor går de med slike tankar i hjartet?
9 Kva er lettast å seia til den lamme: ‘Syndene dine er tilgjevne’ eller: ‘Stå opp, ta båra di og gå’?
10 Men for at de skal vita at Menneskesonen har makt på jorda til å tilgje synder» – og no talar han til den lamme –
11 «så seier eg deg: Stå opp, ta båra di og gå heim!»
12 Då reiste mannen seg, tok straks båra si og gjekk ut framfor dei alle, så dei vart reint frå seg av undring. Dei lova Gud og sa: «Noko slikt har vi aldri sett.»