10 For han lækte mange, så alle som hadde plager, trengde seg fram for å røra ved han.
11 Og når dei ureine åndene såg han, kasta dei seg ned for han og ropa: «Du er Guds Son!»
12 Men han truga dei og forbaud dei strengt å gjera kjent kven han var.
13 Så gjekk Jesus opp i fjellet. Han kalla til seg dei han ville, og dei kom til han.
14 Han peika ut tolv, {{som han òg kalla apostlar,}} for at dei skulle vera med han, og for at han kunne senda dei ut for å forkynna
15 og ha makt til å driva ut vonde ånder.
16 {{Han peika ut dei tolv:}} Det var Simon, som han kalla Peter,