17 Jakob, son til Sebedeus, og Johannes, bror hans – desse to kalla han Boanerges, det tyder toresøner –
18 og Andreas, Filip og Bartolomeus, Matteus, Tomas og Jakob, son til Alfeus, Taddeus, Simon Kananeos
19 og Judas Iskariot, han som sveik han.
20 Med det same han kom heim, strøymde folk på nytt saman, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta.
21 Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad for å ta hand om han. «Han må vera reint ifrå seg», sa dei.
22 Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»
23 Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan?