19 og Judas Iskariot, han som sveik han.
20 Med det same han kom heim, strøymde folk på nytt saman, så Jesus og læresveinane ikkje eingong fekk tid til å eta.
21 Då hans eigne fekk høyra det, fór dei av stad for å ta hand om han. «Han må vera reint ifrå seg», sa dei.
22 Men dei skriftlærde som var komne frå Jerusalem, sa: «Beelsebul har fare i han! Det er ved hjelp av herskaren over dei vonde åndene at han driv dei vonde åndene ut.»
23 Då kalla han dei til seg og tala til dei i likningar: «Korleis kan Satan driva ut Satan?
24 Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande,
25 og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande.