24 Kjem eit rike i strid med seg sjølv, kan det riket ikkje bli ståande,
25 og kjem eit hus i strid med seg sjølv, kan det huset ikkje bli ståande.
26 Har no Satan sett seg opp mot seg sjølv og er komen i strid med seg sjølv, kan han ikkje stå seg. Det er ute med han.
27 Men ingen kan gå inn i huset til den sterke og røva det han eig, om han ikkje først har bunde den sterke. Då kan han plyndra huset hans.
28 Sanneleg, eg seier dykk: Alt skal menneska få tilgjeving for, både synder og spott, kor mykje dei enn spottar.
29 Men den som spottar Den heilage ande, får i all æve ikkje tilgjeving, men er skuldig i evig synd.»
30 Dette sa han fordi dei hadde sagt: «Han har ei urein ånd i seg.»