3 Men han sa til mannen med den visne handa: «Reis deg og kom fram!»
4 Så spurde han dei andre: «Kva har ein lov til på sabbaten? Å gjera godt eller gjera vondt, berga liv eller drepa?» Men dei svara ikkje.
5 Då såg han på dei som stod omkring, harm og sorgfull fordi dei hadde så harde hjarte. Og han sa til mannen: «Rett fram handa!» Mannen så gjorde, og handa hans vart god att.
6 Men farisearane gjekk ut, og saman med herodianarane tok dei straks til å leggja planar mot Jesus for å ta livet av han.
7 Så drog Jesus med læresveinane sine ned til sjøen, og ein stor folkehop frå Galilea følgde han. Og frå Judea
8 og Jerusalem, frå Idumea og landet bortanfor Jordan og frå bygdene kring Tyros og Sidon kom dei til han i store flokkar, for dei hadde høyrt om alt han gjorde.
9 Då sa han til læresveinane at dei skulle halda ein båt klar for han, om folket skulle trengja for hardt innpå han.