1 Jesus tok igjen til å undervisa folket nede ved sjøen. Då samla det seg så mykje folk omkring han at han gjekk ut i ein båt og sat i den utpå sjøen, medan heile folkemengda stod inne på stranda.
2 Han underviste dei om mange ting og la fram læra si i likningar.
3 «Høyr!» sa han. «Ein såmann gjekk ut for å så.
4 Og då han sådde, fall noko attmed vegen, og fuglane kom og åt det opp.
5 Noko fall på steingrunn, der det var lite jord, og det skaut opp straks fordi det var så grunt.
6 Men då sola steig, sveid det av og visna, for det hadde ikkje rot.