25 For den som har, skal få; men den som ikkje har, skal mista jamvel det han har.»
26 Han sa: «Med Guds rike er det slik: Det er som når ein mann har sådd kornet i jorda.
27 Han søv og står opp, det blir natt og det blir dag, og kornet gror og veks; han veit ikkje korleis det går til.
28 Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset.
29 Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»
30 Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka?
31 Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda.