28 Av seg sjølv ber jorda grøde, først strå, så aks, så fulle korn i akset.
29 Så snart grøda er mogen, svingar han sigden, for hausten er komen.»
30 Og han sa: «Kva skal vi samanlikna Guds rike med? Kva likning skal vi bruka?
31 Det er som sennepsfrøet. Når det blir sådd, er det mindre enn noko anna frø på jorda.
32 Men når det er sådd, skyt det opp og blir større enn alle hagevokstrar og får så store greiner at fuglane under himmelen kan byggja reir i skuggen av det.»
33 Med mange slike likningar tala han ordet til dei, så mykje dei var i stand til å høyra.
34 Utan likningar tala han ikkje til folket. Men når han var åleine med læresveinane sine, forklara han alt for dei.