36 Dei lét folkemengda bli att og tok han med seg i båten der han sat. Andre båtar følgde òg med.
37 Då kom det ein hard kvervelstorm, og bølgjene slo inn i båten så han heldt på å gå full.
38 Jesus låg i bakskuten og sov på ei pute. Dei vekte han og sa: «Meister, bryr du deg ikkje om at vi går under?»
39 Då reiste han seg, truga vinden og sa til sjøen: «Tei og ver still!» Då gav vinden seg, og det vart blikande stilt.
40 Og han sa til dei: «Kvifor er de så redde? Trur de enno ikkje?»
41 Men då vart dei endå reddare og sa seg imellom: «Kven er dette? Både vind og sjø lyder han!»