7 Noko fall mellom klunger, og klungeren voks opp og kvelte det, så det ikkje gav grøde.
8 Men noko fall i god jord. Det skaut opp, voks og gav grøde: tretti, seksti, ja, hundre gonger det som var sådd.»
9 Og han sa: «Den som har øyre å høyra med, høyr!»
10 Då han vart åleine med dei tolv og dei andre som var med han, spurde dei han om likningane.
11 Han svara: «Til dykk er løyndomen om Guds rike gjeven. Men til dei som er utanfor, blir alt gjeve i likningar,
12 for at dei skal sjå og sjå, men ikkje skilja, høyra og høyra, men ikkje forstå, så dei ikkje vender om og får tilgjeving.»
13 Og han sa til dei: «Når de ikkje skjønar denne likninga, korleis kan de då i det heile skjøna likningar?