1 Så kom dei over til andre sida av sjøen, til Gerasenar-landet.
2 Då Jesus steig ut av båten, kom det straks ein mann imot han frå gravhòlene. Han hadde ei urein ånd i seg
3 og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lenkjer.
4 For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lenkjer, men han hadde rive lenkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han.