21 Då Jesus var komen over til andre sida att med båten, samla mykje folk seg om han. Medan han var nede ved sjøen,
22 kom ein av synagogeforstandarane; han heitte Jairus. Då han fekk sjå Jesus, kasta han seg ned for føtene hans
23 og bad han inderleg: «Dotter mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne så ho kan bli frisk og få leva.»
24 Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop følgde etter og trengde seg innpå han.
25 Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år.
26 Ho hadde lide mykje hos mange legar, og ho hadde brukt alt ho eigde, utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne.
27 Ho hadde fått høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og rørte ved kappa hans.