23 og bad han inderleg: «Dotter mi held på å døy. Kom og legg hendene på henne så ho kan bli frisk og få leva.»
24 Jesus gjekk med han, og ein stor folkehop følgde etter og trengde seg innpå han.
25 Det var ei kvinne der som hadde hatt blødingar i tolv år.
26 Ho hadde lide mykje hos mange legar, og ho hadde brukt alt ho eigde, utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne.
27 Ho hadde fått høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og rørte ved kappa hans.
28 For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, blir eg frisk.»
29 Då stansa blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og kvitt plaga.