26 Ho hadde lide mykje hos mange legar, og ho hadde brukt alt ho eigde, utan å få hjelp; det hadde heller vorte verre med henne.
27 Ho hadde fått høyra om Jesus, og no kom ho bakanfrå i folkemengda og rørte ved kappa hans.
28 For ho tenkte: «Om eg så berre får ta i kleda hans, blir eg frisk.»
29 Då stansa blodet med ein gong, og ho kjende det på seg at ho var lækt og kvitt plaga.
30 Med det same kjende Jesus at det gjekk ei kraft ut frå han, og han snudde seg i mengda og spurde: «Kven var det som rørte ved kleda mine?»
31 «Du ser korleis folket trengjer seg innpå deg», svara læresveinane, «og så spør du kven som rørte ved deg!»
32 Men Jesus såg seg om etter den som hadde gjort det.