3 og heldt til der i gravene. Ingen greidde å binda han lenger, ikkje eingong med lenkjer.
4 For han hadde ofte vore bunden, både med fotjern og lenkjer, men han hadde rive lenkjene av seg og sprengt fotjerna, og det var ingen som rådde med han.
5 Natt og dag var han i gravhòlene og i fjella og skreik og skamslo seg sjølv med steinar.
6 Då han no fekk sjå Jesus langt borte, kom han springande, kasta seg ned for han
7 og ropa høgt: «Kva vil du meg, Jesus, du Son av Gud, Den høgste? Eg byd deg ved Gud: Pin meg ikkje!»
8 For Jesus hadde sagt til han: «Far ut av mannen, du ureine ånd!»
9 No spurde Jesus han: «Kva er namnet ditt?» «Legion er namnet mitt», svara han, «for vi er mange.»