11 Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de fara derifrå og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»
12 Så tok dei ut og forkynte for folket at dei skulle venda om.
13 Dei dreiv ut mange vonde ånder og salva mange sjuke med olje og lækte dei.
14 Kong Herodes fekk òg høyra om Jesus, for no var namnet hans vide kjent. Somme sa: «Døyparen Johannes er reist opp frå dei døde. Difor er desse kreftene verksame i han.»
15 Andre sa: «Han er Elia», og endå andre: «Han er ein profet, som ein av dei gamle profetane.»
16 Men då Herodes høyrde det, sa han: «Det er Johannes, han som eg lét halshogga. Han er vekt opp att.»
17 For Herodes hadde sendt ut folk for å gripa Johannes, kasta han i fengsel og binda han. Dette gjorde han for Herodias' skuld. Henne hadde Herodes gift seg med, endå ho var kona til Filip, bror hans.