22 Då kom dotter til Herodias inn og dansa. Herodes og gjestene vart så oppglødde over dette at kongen sa til jenta: «Be meg om kva du vil, så skal eg gje deg det.»
23 Han svor på det og sa: «Kva du enn bed meg om, skal du få, om det så er halve kongeriket mitt.»
24 Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet til døyparen Johannes», svara ho.
25 Straks skunda ho seg inn til kongen og bar fram ønsket sitt: «Eg vil at du no med det same skal gje meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.»
26 Kongen vart svært sorgfull, men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, ville han ikkje seia nei til henne.
27 Han sende straks ein bøddel i veg med bod om å henta hovudet til Johannes. Bøddelen gjekk og hogg hovudet av Johannes i fengselet.
28 Så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si.