24 Ho gjekk ut og spurde mor si: «Kva skal eg be om?» «Hovudet til døyparen Johannes», svara ho.
25 Straks skunda ho seg inn til kongen og bar fram ønsket sitt: «Eg vil at du no med det same skal gje meg hovudet til døyparen Johannes på eit fat.»
26 Kongen vart svært sorgfull, men fordi han hadde svore, og av omsyn til gjestene, ville han ikkje seia nei til henne.
27 Han sende straks ein bøddel i veg med bod om å henta hovudet til Johannes. Bøddelen gjekk og hogg hovudet av Johannes i fengselet.
28 Så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si.
29 Då læresveinane hans fekk høyra dette, kom dei og henta liket og la det i ei grav.
30 Apostlane samla seg atter hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket.