28 Så kom han med hovudet på eit fat og lét jenta få det, og ho gav det til mor si.
29 Då læresveinane hans fekk høyra dette, kom dei og henta liket og la det i ei grav.
30 Apostlane samla seg atter hos Jesus og fortalde han om alt dei hadde gjort, og alt dei hadde lært folket.
31 Då sa han til dei: «Kom med meg til ein aud stad der vi kan vera åleine, og kvil dykk litt!» For det var så mange som kom og gjekk at dei fekk ikkje tid til å eta eingong.
32 Så drog dei ut med båten til ein aud stad for å vera for seg sjølve.
33 Men mange såg at dei drog bort, og kjende dei att, og frå alle byane kom folk springande og nådde fram før dei.
34 Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.