34 Då Jesus steig i land, fekk han sjå ei stor folkemengd. Han fekk inderleg medkjensle med dei, for dei var som sauer utan gjetar. Og han gav seg til å undervisa dei om mange ting.
35 Men då det leid langt på dag, kom læresveinane til han og sa: «Dette er ein aud stad, og dagen lid.
36 Send folket frå deg, så dei kan gå bort i grendene og landsbyane her omkring og kjøpa seg noko å eta.»
37 «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?»
38 «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»
39 Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset.
40 Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti.