37 «De skal gje dei mat!» svara Jesus. Dei sa: «Skal vi gå og kjøpa brød for to hundre denarar, så dei kan få seg mat?»
38 «Kor mange brød har de?» spurde han. «Gå og sjå etter!» Då dei hadde gjort det, sa dei: «Fem brød og to fiskar.»
39 Då sa han at dei skulle la alle setja seg saman i matlag i det grøne graset.
40 Og dei slo seg ned, rad på rad – somme på hundre og somme på femti.
41 Så tok Jesus dei fem brøda og dei to fiskane, såg opp mot himmelen og bad takkebøna. Og han braut brødet og gav det til læresveinane, så dei skulle by rundt til folket. Dei to fiskane delte han òg ut, så alle fekk.
42 Og alle åt og vart mette.
43 Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.