42 Og alle åt og vart mette.
43 Etterpå samla dei opp det som var att av brøda og fiskane, og det vart tolv fulle korger.
44 Det var fem tusen menn som hadde fått mat.
45 Straks etter nøydde Jesus læresveinane til å gå i båten og fara føre over til andre sida, til Betsaida, medan han sjølv sende folket av stad.
46 Då han hadde teke farvel, gjekk han opp i fjellet for å be.
47 Då kvelden kom, var båten midt ute på sjøen, og Jesus var åleine på land.
48 Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. I den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom,