48 Han såg at dei sleit og rodde tungt, for dei hadde vinden imot seg. I den fjerde nattevakta kom han gåande mot dei på sjøen. Han ville gå framom,
49 men då dei såg han gå på vatnet, trudde dei at det var eit gjenferd, og skreik høgt,
50 for alle såg han og vart gripne av redsle. Men i det same tala Jesus til dei: «Ver ved godt mot! Det er eg, ver ikkje redde!»
51 Så steig han opp i båten til dei, og vinden stilna. Men dei var reint ifrå seg av undring.
52 For dei hadde ikkje teke lærdom av det som hadde hendt med brøda, så harde var hjarta deira.
53 Då dei hadde fare over sjøen, kom dei til Gennesaret og la til lands der.
54 Straks dei steig ut av båten, kjende folk han att,