5 Han kunne ikkje gjera noka mektig gjerning der; han berre la hendene på nokre få sjuke og lækte dei.
6 Og han undra seg over at dei var så vantruande.Så drog han rundt i landsbyane der omkring og underviste.
7 Jesus kalla til seg dei tolv og tok til å senda dei ut, to og to, og gav dei makt over dei ureine åndene.
8 Han sa til dei at dei ikkje skulle ta noko anna med seg på vegen enn ein stav – ikkje brød, ikkje veske, ikkje koparmyntar i beltet.
9 Dei skulle ha sandalar på føtene, men ikkje ha på seg meir enn éin kjortel.
10 Og han sa til dei: «Når de har teke inn i eit hus, så ver der til de fer vidare.
11 Og er det nokon stad dei ikkje tek imot dykk og ikkje vil høyra på dykk, skal de fara derifrå og rista støvet av føtene. Det skal vera eit vitnemål mot dei.»