53 Då dei hadde fare over sjøen, kom dei til Gennesaret og la til lands der.
54 Straks dei steig ut av båten, kjende folk han att,
55 og dei sprang rundt i heile nabolaget og tok til å bera dei sjuke på bårer dit dei høyrde at han var.
56 Kvar han enn kom, til landsbyar, byar eller grender, sette folk dei sjuke ut på torget. Og dei bad om at dei i det minste måtte få røra ved dusken på kappefliken hans. Og alle som tok i han, vart friske.