1 Farisearane og nokre skriftlærde som var komne frå Jerusalem, samla seg om Jesus.
2 Då la dei merke til at nokre av læresveinane hans åt med ureine hender, det vil seia utan å skylja dei.
3 For farisearane og alle andre jødar heller litt vatn over hendene før dei et. Slik held dei fast ved overleveringa frå dei gamle.
4 Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje noko utan å ha teke eit reinsingsbad. Dei har òg mange andre skikkar som dei har overteke og held fast på, så som å dyppa skåler og krus og kjelar i vatn.