13 Slik set de Guds ord til sides av omsyn til den overleveringa de har gjeve vidare. Og slikt gjer de mykje av.»
14 Så kalla han folket saman att og sa: «Høyr på meg alle, og forstå!
15 Ikkje noko av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint. Nei, det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.
16 {{Den som har øyre å høyra med, høyr!}}»
17 Då han var komen i hus, bort frå folket, spurde læresveinane han om likninga.
18 «Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at ingen ting av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint?
19 Det kjem då ikkje inn i hjartet, men fer ned i magen og ut dit det skal.» Dermed slo han fast at all mat er rein.