18 «Forstår de ikkje noko, de heller?» sa han. «Skjønar de ikkje at ingen ting av det som kjem inn i mennesket utanfrå, kan gjera det ureint?
19 Det kjem då ikkje inn i hjartet, men fer ned i magen og ut dit det skal.» Dermed slo han fast at all mat er rein.
20 Og han la til: «Det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.
21 For innanfrå, frå menneskehjartet, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord,
22 ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd.
23 All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»
24 Så tok han ut derifrå og fór til Tyros-området. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt.