20 Og han la til: «Det er det som går ut av mennesket, som gjer mennesket ureint.
21 For innanfrå, frå menneskehjartet, kjem dei vonde tankane: hor, tjuveri, mord,
22 ekteskapsbrot, eigesjuke, vondskap, svik, utukt, misunnelege auge, spott, hovmod, vitlaus ferd.
23 All denne vondskapen kjem innanfrå og gjer mennesket ureint.»
24 Så tok han ut derifrå og fór til Tyros-området. Der gjekk han inn i eit hus og ville ikkje at nokon skulle vita det. Men det kunne ikkje haldast løynt.
25 Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som hadde ei urein ånd i seg. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans.
26 Denne kvinna var gresktalande, av syrisk-fønikisk ætt. Og ho bad han driva den vonde ånda ut av dotter hennar.