25 Ei kvinne der på staden hadde ei dotter som hadde ei urein ånd i seg. Då ho fekk høyra om Jesus, kom ho straks og kasta seg ned for føtene hans.
26 Denne kvinna var gresktalande, av syrisk-fønikisk ætt. Og ho bad han driva den vonde ånda ut av dotter hennar.
27 Men Jesus sa til henne: «Lat først borna få eta seg mette. Det er ikkje rett å ta brødet frå borna og kasta det til hundane.»
28 «Det er sant, Herre», svara ho, «men hundane under bordet et då smulane etter borna.»
29 Då sa han til henne: «Fordi du sa dette, seier eg deg: Gå heim, den vonde ånda har fare ut av dotter di.»
30 Då ho kom heim, fann ho barnet liggjande på senga. Den vonde ånda hadde fare ut.
31 Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet.