31 Sidan drog Jesus bort att frå Tyros-området. Han tok vegen om Sidon og drog mot Galileasjøen gjennom Dekapolis-landet.
32 Der førte dei til han ein mann som var døv og hadde vondt for å tala, og dei bad han leggja hendene på han.
33 Jesus tok han med seg bort frå folket. Han stakk fingrane sine i øyra hans, tok spytt og rørte ved tunga hans.
34 Så såg han opp mot himmelen, sukka og sa til han: «Effata!» – det tyder: «Lat deg opp!»
35 Med det same vart øyra hans opna, og bandet som batt tunga hans, vart løyst så han tala reint.
36 Jesus forbaud dei å seia det til nokon. Men di meir han forbaud det, di meir gjorde dei det kjent.
37 Folk undra seg storleg og sa: «Alt han har gjort, er godt. Han får døve til å høyra og stumme til å tala.»