4 Og når dei kjem frå torget, et dei ikkje noko utan å ha teke eit reinsingsbad. Dei har òg mange andre skikkar som dei har overteke og held fast på, så som å dyppa skåler og krus og kjelar i vatn.
5 Difor spurde farisearane og dei skriftlærde han: «Kvifor følgjer ikkje læresveinane dine overleveringa frå dei gamle, men et med vanheilage hender?»
6 Då sa Jesus: «Jesaja profeterte rett om dykk, hyklarar, slik det står skrive: Dette folket ærar meg med leppene, men hjartet er langt borte frå meg.
7 Fåfengt dyrkar dei meg, for det dei lærer, er menneskebod.
8 De har forlate Guds bod, men held fast på overleveringa frå menneske.»
9 Og han sa til dei: «Ja, de fer fint fram! De set Guds bod ut av kraft så dykkar eiga overlevering kan gjelda!
10 Moses har sagt: ‘Æra far din og mor di’, og: ‘Den som talar vondord mot far sin eller mor si, skal døy’.