1 Ein annan gong på den tida var mykje folk samla, og dei hadde ikkje noko å eta. Då kalla Jesus læresveinane til seg og sa:
2 «Eg synest inderleg synd på folket. No har dei alt vore hos meg i tre dagar, og dei har ikkje noko å eta.
3 Lèt eg dei fara svoltne heim, blir dei reint utmatta på vegen; for somme av dei har kome langt bortanfrå.»
4 «Kvar kan ein få tak i brød til å metta alle desse her i øydemarka?» svara læresveinane.
5 «Kor mange brød har de?» spurde Jesus. «Sju», svara dei.
6 Då bad han folket setja seg på marka. Så tok han dei sju brøda, bad takkebøna, braut dei og gav til læresveinane så dei skulle dela dei ut, og dei delte ut til folket.